Støttar 186 distriktsverksemder

Støttar 186 distriktsverksemder thumbnail
1 Star2 Stars3 Stars4 Stars5 Stars (No Ratings Yet)
Loading ... Loading ...
By
Published: August 8, 2012

Innovasjon Noreg har nyleg gjort vedtak om å støtte 186 verksemder i distrikta. Dette er ein del av Innovasjon Noreg si satsing på næringsutvikling i heile landet.

Kommunal- og regionaldepartementet legg ut oversikt over kva gründerar og bedrifter får av støtte gjennom Innovasjon Noreg si satsing på næringsutvikling i distrikta.

Oversikta viser kven som får lån og tilskot, fordelte på fylke, kommune, bedrift og type verkemiddel.

Bakgrunn
Innovasjon Noreg skal fremje bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling i heile landet. Kvart år forvaltar Innovasjon Noreg ein stor del av Kommunal- og regionaldepartementet sine næringsretta verkemiddel. Dette er pengar som skal gå til utvikling av konkurransedyktige bedrifter i distrikta.

Viktig rolle
- Innovasjon Noreg har ei viktig rolle i distrikts- og regionalpolitikken. Innsatsen til Innovasjon Noreg skal bidra til nyskaping i næringslivet og utvikling i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ulike føresetnader
- Ulike deler av landet har ulik næringsstruktur og ulike føresetnader for å kunne fornye seg og vekse. Innovasjon Noreg og fylkeskommunane kjenner det lokale næringslivet og samarbeider om å tilpasse tilbodet til behovet i kvart fylke, seier Navarsete.

Det er Innovasjon Noreg sine 15 distriktskontor over heile landet som handsamar søknadene om støtte.

Kilde: Kommunal- og Regionaldepartementet

Tagged with: , , ,

Tips en venn Tips en venn

Siste kommentarer

    Ordtaket