601 millionar meir til Sør-Trøndelag neste år
By Redaksjonen
Published: October 13, 2009
Regjeringa foreslår 601 millionar kroner i samla nominell vekst i frie inntekter til kommunane i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune neste år. – Det vil styrka det lokale velferdstilbodet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Den nominelle veksten i frie inntekter til kommunar og fylkeskommunar skal dekka både prisveksten og den reelle styrkinga av inntektene.
Regjeringa foreslår 8 milliardar kroner i samla realvekst til kommunesektoren i 2010. Av dette er 4,2 milliardar frie inntekter.
- 8 milliardar kroner meir vil gi større høve til å fylgja opp den einskilde eleven, sikra ei meir verdig omsorg og sjå dei barna som treng hjelp frå barnevernet. Kommunane er ulike. Mange slit med underskot. Midlane kjem til å bli brukt ulikt lokalt. 8 milliardar utgjer uansett ein forskjell, seier Kleppa.
Kilde: Kommunal- og regionaldepartementet


