- Gratulerer, Lavangen kommune

- Gratulerer, Lavangen kommune thumbnail
1 Star2 Stars3 Stars4 Stars5 Stars (No Ratings Yet)
Loading ... Loading ...
By Redaksjonen
Published: September 30, 2009

Related

    - Ei utviding av forvaltningsområdet er viktig for å sikre samisk språk i framtida, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

    Lavangen kommune er den tredje kommunen som er innlema i forvaltningsområdet for samisk språk sidan 2006. Forvaltningsområdet består no av ni kommunar i dei fire nordlegaste fylka. I desse kommunane er samisk og norsk likeverdige språk.

    - Regjeringa ønskjer at samisk språk skal vere i aktiv bruk og at det samiske skal vere synleg i samfunnet. Tospråklege samfunn bør etablerast der det er mogeleg, og eg håper at Lavangen vil inspirere fleire kommunar til å bli ein del av forvaltningsområdet for samiske språk, seier statsråden.

    FAKTA

    • For at ein kommune skal inngå i forvaltningsområdet, må kommunen fatte vedtak om dette.
    • Deretter uttaler Sametinget seg om kommunen sitt vedtak, og så blir saka send over til Arbeids- og inkluderingsdepartementet som innlemar kommunen i forvaltningsområdet.
    • Lavangen kommune er ein del av det samiske forvaltningsområdet frå og med 1. oktober 2009.

    Kilde: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

    Tips en venn Tips en venn

    Siste kommentarer

      Ordtaket